
(Ei tåg er det same som ei lang, seig rot. I fleirtal tæger.)
Å binde med tæger (bjørkerøter) er ein gamal teknikk, kjent frå vikingtid og Osebergskipet. Materialet eignar seg godt til å lage fat, korger, askar og smykke. I lokal tradisjon vart sendingskorger til bryllaup laga av tæger. Vi brukar mest bjørkerøter, men det er også mogleg å bruke røter av både gran, einer og selje. Vi grev opp røtene, barkar dei, splittar dei og bind bruks- eller pynteting.

Vi startar kurset med ein dag i fjellet og på myra for å finne tæger vi kan bruke resten av veka

Kursleiar:

Åsmund Berthelsen er frå Åmdals Verk i Tokke kommune, Vest i Telemark. Han har budd i Naustdal i Sunnfjord sidan 1981.
-Tægerbinding har eg lært av mor mi, Inger Johanne Berthelsen. Ho dreiv mykje med det på slutten av 1960-talet og byrjinga av 70-talet. Eg har også vore på kurs på Raulandsakademiet med Signe Irene Berg.
-Eg driv med tægerbinding fordi eg likar å bruke hendane og skape noko. Og tægerbindinga gjer du heilt frå botn av, det er eit produkt frå svarte myra til flotte bruks- og pynteting. Med tægerbindinga har du også naturopplevinga og den fysiske aktiviteten. -Ein dag i myra med å grave, dra opp og så barke røtene ved ein klukkande bekk, er ein svært god dag!, seier Åsmund som no er pensjonist og politikar i Sunnfjord kommunestyre og Vestland fylkesting. Han har utdanning som både naturforvaltar, lærar og journalist.


Utstyr:
Alle må ha med: Skarp kniv, vaskevassfat, isboks eller anna til å ha vatn i og eit plastforkle/handkle.
Dei som har kan ta med:
- Beinpren (kan også få låne på kurset)
- Hakke eller eit lite potegrev til å grave og ein krok til å trekke opp røtene.
- Trekantpinne/rundpinne som ein også kan lage på staden
- Tæger.

Meir om tægerbinding finn du på lenkjene under:
Tægerbinding – langsomhetens estetikk
https://digitaltmuseum.no/021188726042/taegerbinding-langsomhetens-estetikk
Kurset holdes i ”Middelalderskogen” i Rollag, som ligger mellom Numedal Folkehøgskole/Idrettsskolen og Rollag Bygdetun. Det er omtrent 1 km å gå fra begge retninger.
Deltageravgift kr. 2.400.-
Tracery by ”tæger” – 5 days. Learn to make small plates, boxes and jewelery by using the roots of the birch tree. This is an old tradition and objects made by this technique were found in the Viking ship, the ”Oseberg”.
Fee: NOK 2.400,-

Påmelding:
Du kan melde deg på ved å sende en e-post til kjell@mogen.no.. Du vil få en tilbakemelding med bekreftelse på om det er ledig plass på det aktuelle kurset. Du betaler deretter inn kursavgiften til konto nr. 2351.74.96995. Registreringen som deltager på kurset er gyldig først når kursavgiften er betalt.
Etter 1. juli gjøres påmeldingen bindende. Melder du avbud før denne datoen, blir innbetalt kursavgift refundert.
